Mamma vaks opp på Løtveit utanfor Bergen, i dei dagar det vart kalla strileland og låg landleg til. Det var flust med ungar i alle aldre i nabolaget, og dei fauk rundt og fant på alt mogleg, slik dei måtte gjere før skjermane tok over verda. Til og med ein og annan rampestrek, kunne ho fortelje, men utan at ho ville påta seg skulda for sånt. 1 eldre bror og 2 eldre søstre, 1 yngre bror – og det var Rune, yngstebroren, ho fekk det tettaste forhaldet til, og det varte livet ut. Då dei var mindre fekk han nok bli med på litt av kvart, men den gongen ho kom heim ein tur frå folkehøgskulen og han i argaste kremmarånd hadde solgt vinylplatene hennar var ikkje stemninga heilt på topp, kunne ho røpe.
Tilfeldigheitene ville det altså slik at ho havna på Åsane folkehøgskule same år som Erling. No veit vi ikkje heilt kva so gjekk av han, som la ut på langreise frå øya, for alle som kjenner han vil nok ikkje tenke på han som ein globetrottar som lengtar ut i verda. Men slik gjekk det no, og mamma kom til Fjørtofta første gong allereie som 19-åring. Var det lett? Ikkje nokon kan vel påstå det, med utedass og små forhald, vanskeleg å passe inn, vanskeleg å bli godteken. Men mor var sta og forelska, og ho fekk seg det raude huset på landet, den snille mannen og alle dei ungane ho ønska seg, rett og slett.
Det seiast at det er to ting man skal gi ungane sine – røter og venger. Og røter har dei gitt oss, såpass sterke at vi alltid søker heim når vi har sjans, til den gode plassen dei i lag har skapt til oss. Men dei gav oss også venger til gagns, det vart slik at den barneflokken ho ønska seg, og som ho hadde ønska haldt seg nærme ho, hadde utferdstrong, heile hurven. Spreidt for alle vindar, men med foreldre som alltid støtta og ikkje stilte så mykje spørsmål men gjorde det lettare for oss alle å finne vår plass i verda. Det må ha kosta meir enn vi ante at vi alle havna så langt unna og dei har nok attleta ein del opp gjennom åra. Å vere mor på avstand er ikkje enkelt, og då eg flytta til Oslo for mange år sidan fekk eg beskjed om å få tak i peparspray, uansett kor ulovleg det måtte vere.
Mamma sette pris på dei små og gode ting i livet. Personleg har eg kjent ho heile livet mitt, og har knapt vore borti eit slikt nivå av livsglede og engasjement. Alt begeistra, sjølv den minste vesle ting, ei begeistring som smitta med ein latter som gjorde godt langt inn i hjarterota. Fuglar, blomster, dyr, barnebarn. Og uansett kva vi laga i våre yngre år, vel – seinare år også, og kom heim med av kunstverk, vart ho like glad kvar gong og ting vart hengt opp både her og der. Men letta var nok stor den dagen vi ikkje lenger kom heim med metervis med lenke i glanspapir til å henge på juletreet.
Eit arbeidsjern utan like kan vi vel også fastslå at ho har vore. Heile livet har ho jobba for fullt, og allereie som tenåring begynte ho å sy på fabrikk i Bergen. Først fekk ho ikkje lov å sy, for ho var berre 15 og måtte ta til takke med å brette og gjere klar skjorteerma for sying. Men so snart ho bikka 16 fekk ho lov å sy, og ho dreiv opp akkorden slik at andre kanskje vart litt misfornøgde. Etter ho kom opp til Møre, var ho gjennom fleire jobbar - blant anna jobba ho som hushjelp og etter kvart også på fiskeriet, men ofte måtte ho sysselsette seg sjølv med å lage sin eigen arbeidsplass for å få inn sårt trengte kroner. Om det va rens av teppe, krabberensking,sying av genserar eller generelt anna handverk for sal – den einaste sida ho aldri har leie på, er latsida. Utruleg flink med hendene og med kreative løysningar har ho fått til det aller meste, frå kostymer, dukker, trolldeigskunst og omtrekk av møblar til Barbiedokke-klede og finurlege og praktiske løysningar, ho har gjort så mykje sjølv heime vi har mista oversikta. Men oversikt, det hadde i alle fall ho – på alle område. Vi leitar framleis etter deler til kjøkenmaskina, men det får stå sin prøve. Ho ser vel ned på oss og flirar av at vi ikkje finn fram, og tenkjer at det skulle vi visst for lenge sidan.
Når vi tenker på mamma, tenker vi på ei fordomsfri, imøtekomande og snill dame som tok imot dei fleste med opne armar og blant anna var veldig glad i dyr. Vel, det var vel enkelte politikarar og presidentar og slikt so vart gitt det glatte lag, og det skal seiast at større dyr var ho no litt skeptisk til, ho var ganske overbevist om at både kyr og hestar vurderte eit nytt kosthald basert på menneskekjøt når dei såg ho kom syklande på veg til butikken eller andre ærend. Men elles var det fort at ho sat seg ned på gulv eller asfalt for å helse på og leike med kattar eller hundar og gleda var stor då Nanuq, hunden til Bjørnar, kom på besøk rett etter diagnosa vart stilt og fungerte som ein flott terapihund i tunge tider. Dei to vart gode venar, som mamma ofte vart med dyr.
Og barnebarna, då, då dei kom til verda var det som ho fekk ein ny giv i livet. Det vart fort eit godt og nært forhald, og vi er veldig glade for at ho rakk møte sitt sist ankomne barnebarn også, Ylva. Ho får dei beste skussmål frå barnebarna, som beskriv ho som snill, vakker og best.
Det har sjeldan vore ei klage å høyre, uansett kor gale det har vore. Kvikk i replikken, med mykje sjølvironi har ho vist oss vegen her i livet. Morosame videosnuttar av dyr var til stor hjelp då smertene vart for store, og praten som gjekk når barnebarn og vi ungane var samla var den skjønnaste musikk, slik vi har forstått det. Ho hadde så utruleg lyst å vere med oss i minst 20 år til, følgje den neste generasjonen ut i verda – og vi veit at ho hadde vore den beste støtta man kunne ønske seg på ferda. Ho bar oss alle meir enn vi kunne forstå, og vi er takknemlege for at vi kunne vere der for ho på slutten. Aldri eit sekund åleine, lova vi. Og det løftet heldt vi.
Sorga er stor for oss alle, heilt uverkeleg. Men stor sorg er vel det beste teiknet på kjærleik, prisen vi må betale for å vere glad i nokon. Det seiast også at sorg er kjærleik utan ein heim, og det tenkjer eg er godt sagt sjølv om eg ikkje kan ta æra for å ha sagt det først. Og, sjølv om det ikkje kjennest slik nett no, så tenkjer eg det har vore verdt det. Tenk så heldige vi var, som fekk Vigdis i liva våre. Sjølv om huset er aldri så fullt, vil det alltid ver litt tomt. Vår matriark. Vårt samlingspunkt. Vi veit du var stolte av oss alle, men steike – vi var bra stolt av deg også. Vi skal gjere vårt beste for å leve med litt av den gleda, omtanken og entusiasmen du alltid viste oss.
Du er kanskje borte reint fysisk, men du vil alltid vere viktig. Så snakkast vi. Og, som du ville sagt – det gjeng bra.
Vis mer
Vis mindre